STILLING LEDIG:

DSB søkjer to kurs- og studiekonsulentar til den nye Brann- og redningsskulen

Den nye Brann- og redningsskulen som DSB startar opp i 2024, søkjer to kurs- og studiekonsulentar. Arbeidet med å etablere Brann- og redningsskulen er godt i gang, og det skjer mykje spennande framover. Velkommen på laget allereie no!

Om stillingen

Arbeidsgiver: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)

Stillingstittel: Kurs- og studiekonsulenter

Stillingstype: Fast/heiltid

Arbeidssted: Fjelldal

Søknadsfrist: 17. mai

Søk på stillingene her

Om arbeidsgiver

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no

Om skulen og stilinga

Brann- og redningsskulen startar opp i 2024 og skal omfatte både eit nytt fagskulestudium og kursverksemd. Med ein ny fagskule får vi ei høgare yrkesfagleg utdanning for brann-, rednings- og samfunnssikkerheitspersonell i Noreg.

Fagskulen er ei toårig grunnutdanning på heiltid og skal ta imot 160 studentar i året. I tillegg vil skulen kvart år ha rundt 2500 kurselevar. Skulen får om lag 160 heiltids- og deltidstilsette og eit årsbudsjett på ca. 200 millionar kroner.

Med den nye skulen får vi eit skikkeleg kompetanseløft for brann- og redningstenesta. Skulen skal òg bidra til breiare rekruttering og dermed auka mangfald. Hovuddelen av undervisninga blir i heilt nye bygg og øvingsfelt i Tjeldsund kommune i Troms og Finnmark, der Noregs brannskule ligg i dag.

DSB, i tett samarbeid med fag- og kompetansemiljø i heile landet, er godt i gang med arbeidet med å etablere Brann- og redningsskulen. Du kan lese meir om etableringa av fagskulen her: www.dsb.no/brannutdanning.

Den nye brannskulen som skal starte opp i 2024 befinn seg i Tjeldsund kommune

Stillingane er plasserte i seksjon for administrasjon og verksemdsstyring

Det er desse som har ansvar for å levere stabs-, støtte- og servicetenester til skuleleiinga, dei tilsette, elevane og studentane innanfor verksemdsstyring, HR, servicetorg/resepsjon, HMS/kvalitet, IKT, kurs- og studieadministrasjon og kommunikasjon og marknadsføring. Kurs- og studiekonsulentane vil vere ein del av eit fagteam på 8–10 personar. Du vil jobbe med eit breitt spekter av oppgåver innanfor kurs- og studieadministrasjonen. Du skal mellom anna behandle opptak av nye studentar og kurselevar og bidra ved eksamensgjennomføring og ha ansvar for student- og elevforvalting og praksis for andreårsstudentar. Du vil få ein variert arbeidsdag der du jobbar tett på både elevar, studentar og tilsette.

Vi i DSB er fleksible og legg til rette for bruk av mobilt kontor når det er formålstenleg.

DSB er ein arbeidsplass i kontinuerlig utvikling

Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitsskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaar. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og vi er del av inkluderingsdugnaden. Vi håpar derfor at også kvalifiserte personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss.

Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova §25.

Du skal:

  • Ha ansvaret for kurs- og studieadministrasjon ved Brann- og redningsskulen
  • Planleggje og leggje til rette for opptak til kurs og studium
  • Behandle søknader om opptak til kurs og studium
  • Rettleie søkjarar og tilsette om regelverk knytt til opptak
  • Utvikle og kvalitetssikre kurs- og studieadministrative prosessar og rutinar
  • Samhandle og kommunisere med elevar, studentar, tilsette og kundar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Relevant bachelorgrad innanfor til dømes organisasjon, leiing, administrasjon, økonomi, juss eller IKT. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av NOKUT
  • God digital kompetanse
  • Svært god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk

Vi ønskjer at du har:

  • Relevant erfaring frå administrasjon, saksbehandling, prosjektarbeid og kundebehandling/serviceyrke
  • Erfaring med å bruke studieadministrative system som FS, Canvas og Inspera
  • Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Løysingsorientert og god gjennomføringsevne
  • Strukturert

Dei nye medarbeidarane våre får:

  • Varierte og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • Høve til å bidra med eit samfunnsnyttig arbeid i den nasjonale beredskapen
  • Ein spennande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaer
  • Høve til å vidareutvikle og påverke sitt eige ansvarsområde
  • Høve til å delta på relevante interne og eksterne kompetansehevingstiltak
  • Fleksitidsordning som er tilpassa undervisninga ved Brann- og redningsskulen
  • Gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Årslønn frå kr 507 600 til 563 900 (lønnstrinn 56–62), stillingskode 1434 (rådgivar) eller årslønn frå kr 563 900 til 650 300 (lønnstrinn 62–70), stillingskode 1364 (seniorrådgivar)

For spørsmål om stillingane, kontakt:

Veronika Solvang, fung. direktør Noregs Brannskule, på 76919000

Søknadsfrist 17. mai

Send din søknad her


Powered by Labrador CMS