STILLING LEDIG:

Brann– og redningsskulen på Fjelldal søker to studierådgjevarar

Vil du vera med å ta imot dei første studentane ved den nye skulen?

Om stillingen

Arbeidsgiver: Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap

Stillingstittel: Rådgiver kurs- og studieadministrasjon

Stillingstype: To faste stillinger

Arbeidssted: Fjelldal, Sør-Troms

Søknadsfrist: 27. august

Send søknad her

Om arbeidsgiver

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

DSB søkjer to rådgjevarar til kurs- og studieadministrasjonen. Er du god til å planlegge, er strukturert og oppteken av god kvalitet, kan dette vera stillinga for deg! 

Som rådgjevar hjå oss, vil du få ein variert arbeidskvardag med eit breitt spekter av administrative oppgåver.

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • planlegge, gjennomføre og evaluere det administrative ansvarsområdet for kurs og fagskulestudiet
  • sakshandsame opptak til kurs og studie
  • sakshandsame klager
  • administrere gjennomføring av eksamen
  • rettleiing i lover og forskrifter
  • klargjera og tilverke evalueringar og utarbeide statistisk materiale
  • samhandle tett med kollegaer i eininga, ved skolen og eksterne samarbeidspartnere

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant bachelorgrad. Annan relevant utdanning og arbeidserfaring kan erstatta kravet om bachelorgrad
  • god digital kompetanse
  • god skriftleg og god munnleg formidlingsevne på norsk

Personlege eigenskapar:

  • strukturert
  • gode kommunikasjonsevner
  • lagspelar
  • serviceinnstilt
  • løysingsorientert

Vi ønsker at du har:

  • relevant erfaring frå saks- og klagehandsaming
  • forståelse for korrekt saksbehandling etter lovverk
  • erfaring med å arbeide i digitale system/verktøy som Visma in School, Elements, Samordna opptak

Er dette deg? Send søknad her!

Vilkår

  • årsløn frå kr 532 200 til 635 400 (lønstrinn 54 - 65) i stillingskode 1434 rådgjevar
  • spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, høve til å utvikle og påverke eige ansvarsområde og eigen kompetanseutvikling
  • høve til å ta del i relevante interne og eksterne kompetansehevingstiltak
  • fleksitid

Om seksjonen og stillinga

Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring har ansvar for å levere stabs-, støtte- og servicetenester til skuleleiinga, dei tilsette, elevane og studentane. Eining kurs- og studieadministrasjon har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver innan kurs- og studieadministrasjon. Stillingane er plassert i Eining kurs og studieadministrasjon – navet i organisasjonen. Du vert ein del av eit kollegium på 10, og vil mellom anna arbeide med å sakshandsame våre opptak til både kurs og studium, medverke til gjennomføring av eksamen og utarbeide analysemateriale. I stillinga vil du samarbeide tett med andre rådgjevarar, leiarar og eksterne aktørar.

Om Brann- og redningsskulen

Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Hovudoppgåva til skulen er å utdanne personell til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Vi tilbyr eit breitt utval av kurs. I 2024 opnar vi ei toårig høgare yrkesretta utdanning på fagskulenivå for dei som skal arbeide på heiltid med førebyggande brannvern/beredskap, eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er inne i ein svært spanande periode med bygging av nytt øvingsfelt og utvikling av det faglege tilbodet.

Brann- og redningsskulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Når skulen kjem i full drift, vil har ta imot 320 studentar og om lag 2500 kursdeltakarar i året.

Saman skal vi bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tørre og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.

Les meir på: www.brsk.no og www.dsb.no

Om DSB

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

Om å jobbe i DSB

Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er fleksible og tilrettelegg for mobilt kontor når det er hensiktsmessig.

Hos oss får du

medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no

  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: 

Offentleg søkjarliste

Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova §25.

Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du viser både i søknadsbrevet og CV-en korleis kompetansen din oppfyller kvalifikasjonskrava som står i utlysinga. 

Vi ber om at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet. Dette gir ein strukturert CV og sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg ber vi om at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format.

Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no. Velkomen som søkjar hos oss!


Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål!

    • kontaktperson er rekrutterande leiar Turid Oddveig Teige på e-post eller 99043958

Søknadsfrist: 27. august

Send søknad via vårt søknadssystem


Powered by Labrador CMS