STILLING LEDIG:

Akkurat no byggjer me ein heilt ny og nasjonal fagskule for brann og redning på Fjelldal

Vil du vera med på etableringa og ta ansvar for systemet vårt, Visma InSchool?

Brann– og redningsskolen på Fjelldal søker seniorrådgiver skoleadministrativt system

Om stillingen

Arbeidsgiver: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)

Stillingstittel: Seniorrådgiver

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Fjelldal, Brann– og redningsskolen

Søknadsfrist: 2. januar

Send søknad her

Om arbeidsgiver

DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarhet i samfunnet.

Vi er pådrivere i arbeidet med å forebygge ulykker og kriser, og bidrar til effektiv ulykkes- og krisehåndtering. Hovedkontoret ligger i Tønsberg, og vi har enheter over hele landet. Til sammen er vi ca. 650 ansatte. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

Les mer på dsb.no

Den nye Brann- og redningsskolen er under etablering og åpner ei ny fagskuleutdanning i brann, redning og samfunnssikkerheit i 2024.

Eit godt skuleadministrativt system forenklar og effektiviserer skulekvardagen for tilsette og studentar. Vi treng di hjelp for å sikre at vi får best mogeleg utbytte av vårt skuleadministrative system Visma InSchool

Du skal sikre kvalitet i skuleårsplanlegginga og dokumentasjon. Samstundes får du ei viktig rolle i å koordinere og syte for struktur og samhandling ved planleggingsarbeidet leiarane imellom.

Ansvar og arbeidsoppgåver

• sikre kvalitet, struktur og samhandling i skuleårsplanlegginga og grunnlagsarbeidet i organisasjonen knytt til prosessen

• ansvar for dokumentasjon og vitnemål for studentar, elevar og kursdeltakarar

• systemansvarleg for Visma InSchool, inkludert overordna ansvar for korleis løysinga vert nytta ved skulen

• ansvarleg for opplæring og informasjonsarbeid i Visma InSchool

• sikre at Visma InSchool samhandlar godt med andre digitale system ved skulen (som Teams for Education, brsk.no og arkiv

Kvalifikasjonar

Du må ha:

• relevant høgare utdanning på bachelornivå eller høyere. Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan erstatte kravet om bachelorgrad. Utanlandsk utdanning må vera godkjent av NOKUT.

• erfaring med skuleårsplanlegging og dokumentasjon i Visma InSchool

• pedagogisk utdanning og erfaring som lærar

• erfaring med å arbeide systematisk etter rutinar/prosedyrar og lovverk

• svært god forståing for organisasjon for å sikre kvalitet i alle prosessar

• god skriftleg og god munnleg formidlingsevne på norsk, ev. anna skandinavisk språk

Personlege eigenskapar:

• analytisk

• strukturert

• sjølvstendig

• gjennomføringsevne

• lagspelar

Vi ønsker at du har:

• erfaring med ansvar for oppfølging av leverandør eller liknande

• erfaring frå utviklingsarbeid/prosjektarbeid/strategiarbeid

• erfaring med å utarbeide rutinar/prosedyrar og liknande

Velkommen til oss!

Vilkår

• årsløn frå kr 604 900 til 732 300 (lønstrinn 62-73) stillingskode 1364 seniorrådgjevar. For særskild kvalifiserte kandidatar, kan ytterlegare løn vurderast

• spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø

• varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, høve til å utvikle og påverke eige ansvarsområde og eiga kompetanseutvikling

• høve til å ta del i relevante interne og eksterne kompetansehevingstiltak

• trening i arbeidstida

• fleksitid

Om seksjonen

Stillinga er lagt til Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring og vil samhandle svært tett med leiarar i dei andre seksjonane. Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring har ansvar for å levere stabs-, støtte- og servicetenester til skuleleiinga, dei tilsette, elevane og studentane. Seksjonen har ansvar for verksemdsstyring, økonomi, kurs- og studieadministrasjon, resepsjon, IKT, HR, kommunikasjon, kvalitet og HMS. Seksjonen har eit breitt samansett fagmiljø med høg yrkesstoltheit og godt lagspel. Vi er 20 tilsette som samarbeider tett med våre kollegaer i seksjonen, på skulen, i DSB og med eksterne samarbeidspartnarar.

Om Brann- og redningsskulen

Brann- og redningsskulen utdannar personell til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i Noreg. Vi tilbyr eit breitt utval av kurs og vidareutdanning for tilsette i brann- og redningstenesta. I 2024 opnar vi ei toårig fagskuleutdanning i brann, redning og samfunnstryggleik og er no inne i ein svært spanande periode med ferdigstilling av eit heilt nytt øvingsfelt, utvikling av kurstilbodet og klargjering til første semester.

Skulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Når skulen kjem i full drift, vil vi årleg ta imot 160 heiltidsstudentar i tillegg til å ha over 1000 kursdeltakarar spreidd på fleire lokasjonar. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Saman skal vi bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.

Les mer på: www.brsk.no og www.dsb.no/brsk-jobb

Om å jobbe i DSB

Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å jobbe i DSB må du ha god forståing for tryggleik og bidra til ein sterk tryggleikskultur.

Hos oss får du

medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no

  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten. 

Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du viser både i søknadsbrevet og CV-en korleis kompetansen din oppfyller kvalifikasjonskrava som står i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet. Dette gir ein strukturert CV og sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg ber vi om at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. Vi tar imot søknader på begge målformar. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.


For mer informasjon, kontakt 

Søknadsfrist: 2. januar

Send søknad i vårt skjema


Det vil bli utarbeidet offentlig søkerliste ved søknadsfristens utløp. Opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om å ikke bli ført opp på søkerlisten, jf. Offentlighetsloven §25.

Powered by Labrador CMS