STILLING LEDIG:

Vil du ha en nøkkelrolle der struktur og kvalitet virkelig betyr noe?

Bli rådgiver hos Brann- og redningsskulen – og bidra til å utvikle fremtidens beredskap i Norge

Brann- og redningsskulen søkjer rådgjevar til kurs- og studieadministrasjon på Fjelldal

Om stillingen

Arbeidsgiver: Brann- og redningsskulen

Stillingstittel: rådgiver administrasjon

Stillingstype: fast / heltid

Arbeidssted: Fjelldal, Tjeldsund

Søknadsfrist: 4. mai

Send søknad hos DSB

Om arbeidsgiver

Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar 2024 opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Me bygger nå opp eit solid fagmiljø ved skulen og er på utkikk etter kollegar med ulik kompetanse. Som tilsett hjå oss er det mange høve til kompetanseheving og fagleg utvikling i åra som kjem.

Brann- og redningsskulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Skulen tek kvart år imot 160 heiltidsstudentar og over 1 000 kursdeltakarar. Saman skal me bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.

Les meir på heimesida til Brann- og redningsskulen.

Er du god til å planleggje, jobbar strukturert og er oppteken av kvalitet, kan dette vera stillinga for deg! Som rådgjevar hjå oss, får du ein variert arbeidskvardag med eit breitt spekter av administrative oppgåver, og dyktige, engasjerte kollegaer.

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • planlegge, gjennomføre og evaluere det administrative ansvarsområdet for kurs og fagskulestudiet

  • sakshandsaming av mellom anna opptak til kurs og fagskulestudie, tilrettelegging og klager

  • rettleiing i lover og forskrifter

  • utvikle og kvalitetssikre kurs- og studieadministrative prosessar og prosedyrar

  • klargjera og tilverke evalueringar, rapportering og utarbeide statistisk materiale

  • samhandle tett med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant bachelorgrad innan til dømes organisasjon, leiing, administrasjon eller juridiske fag. Annan relevant utdanning og arbeidserfaring kan erstatta kravet om bachelorgrad. Utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

  • relevant erfaring frå saks- og klagehandsaming

  • forståing for korrekt sakshandsaming etter lovverk

  • god digital kompetanse

  • god skriftleg og god munnleg formidlingsevne på norsk

Personlege eigenskapar:

  • strukturert

  • gode kommunikasjonsevner

  • lagspelar

  • relasjonsbygger

  • god gjennomføringsevne

Vi ønsker at du har:

  • erfaring med å arbeide i digitale system/verktøy som Microsoft365, arkiv- og saksbehandlingssystem

  • erfaring med administrasjon, prosjektarbeid, kundehandsaming/serviceyrke

  • erfaring frå administrasjon innan høgare utdanning

Vilkår

  • årsløn frå kr 525 000 til 715 000 som rådgjevar (stillingskode 1434) og frå kr 635 000 til 875 000 som seniorrådgjevar (stillingskode 1364)

  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du svært gode vilkår kring pensjon, forsikring og bustadlån. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no

  • spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø

  • høve til å delta på relevante kompetansehevingstiltak både internt og eksternt

  • BRSK er omfatta av særavtale om fleksibel arbeidstid

  • høve til å trene i arbeidstida og tilgang på styrkerom og gymsal

Om stillinga, eining og seksjonen

Stillinga er plassert i Eining kurs- og studieadministrasjon som har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver innan kurs- og studieadministrasjon og er navet i organisasjonen. Du vert ein del av eit kollegium på ni, og vil mellom anna sakshandsame opptak til både kurs og studium, medverke til gjennomføring av eksamen og utarbeide analysemateriale. I stillinga vil du samarbeide tett med andre rådgjevarar, leiarar og eksterne aktørar.

Eininga er lagt under Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring som leverer stabs-, støtte- og servicetenester til skuleleiinga, dei tilsette, kursdeltakakarar og studentar. Seksjonen har ansvar for verksemdsstyring, økonomi, kurs- og studieadministrasjon, servicetorg, IKT, HR, kommunikasjon, skuleårsplanlegging, innhaldsforvaltning, kvalitet og HMS. Me har eit breitt samansett fagmiljø med høg yrkesstoltheit og godt lagspel. 

Offentleg søkjarliste

Me utarbeider offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25.

Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava som er skildra i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. I tillegg ber me om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. For å jobbe i DSB må du vera vera skikka tryggleiksmessig og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på heimesida vår. Bakgrunnssjekk vert gjennomført. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.


For spørsmål om stillingen, kontakt gjerne

Enhetsleder Elin Kristiansen Dalberge-post99 00 81 90

Søknadsfrist: 4. mai

Send søknad hos DSB

Powered by Labrador CMS