STILLING LEDIG:

While attending the networking event, the female small business owners talk and introduce themselves.

Er du god til å planlegge, er strukturert og oppteken av god kvalitet?

Bli med på eit viktig samfunnsoppdrag!

Brann– og redningsskulen på Fjelldal søkjer rådgjevar til kurs- og studieadministrasjonen i vikariat

Om stillingen

Arbeidsgiver: Brann- og redningsskolen

Stillingstittel: rådgiver

Stillingstype: Fast / heltid

Arbeidssted: Fjelldal

Søknadsfrist: 13. februar

Send søknad hos DSB

Om arbeidsgiver

Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar 2024 opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Me bygger nå opp eit solid fagmiljø ved skulen og er på utkikk etter kollegar med ulik kompetanse. Som tilsett hjå oss er det mange høve til kompetanseheving og fagleg utvikling i åra som kjem.

Brann- og redningsskulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Skulen tek kvart år imot 160 heiltidsstudentar og over 1 000 kursdeltakarar. Saman skal me bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.

Brann- og redningsskulen har ledig årsvikariat som rådgjevar til kurs- og studieadministrasjonen. Er du god til å planlegge, er strukturert og oppteken av god kvalitet, kan dette vera stillinga for deg! Som rådgjevar hjå oss, vil du få ein variert arbeidskvardag med eit breitt spekter av administrative oppgåver.

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • planlegge, gjennomføre og evaluere det administrative ansvarsområdet for kurs og fagskulestudiet.
  • sakshandsame opptak til kurs og studie.
  • sakshandsame klager.
  • rettleiing i lover og forskrifter.
  • utvikle og kvalitetssikre kurs- og studieadministrative prosessar og prosedyrar.
  • klargjera og utarbeide statistisk materiale.
  • samhandle tett med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant bachelorgrad innan til dømes organisasjon, leiing, administrasjon eller juridiske fag. Annan relevant utdanning og arbeidserfaring kan erstatta kravet om bachelorgrad. Utanlandsk utdanning må vera godkjent av NOKUT.
  • relevant erfaring frå saks- og klagehandsaming.
  • god digital kompetanse.
  • god skriftleg og god munnleg formidlingsevne på norsk.
  • Personlege eigenskapar:

  • strukturert
  • gode kommunikasjonsevner
  • lagspelar
  • initiativrik
  • god gjennomføringsevne

Vi ønsker at du har:

  • erfaring med korrekt sakshandsaming etter lovverk.
  • erfaring med å arbeide i digitale system/verktøy som Visma in School, Elements, Samordna opptak.
  • erfaring med administrasjon, prosjektarbeid, kundehandsaming/serviceyrke.

Hjå oss får du

  • årsløn frå kr 509 300-692 400 i stillingskode 1434 rådgjevar eller årsløn frå kr 615 700-845 900 i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan ytterlegare løn vurderast.
  • vera med på eit viktig samfunnsoppdrag.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du svært gode vilkår kring pensjon, forsikring og bustadlån. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
  • fleksibel arbeidstid.
  • høve til å trene i arbeidstida og tilgang på styrkerom og gymsal.
  • matpause inkludert i arbeidstida.
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg.

Om seksjonen og stillinga

Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring har ansvar for å levere stabs-, støtte- og servicetenester til skuleleiinga, dei tilsette, elevane og studentane. Stillinga er plassert i Eining kurs- og studieadministrasjon som har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver innan kurs- og studieadministrasjon og er navet i organisasjonen. Du vert ein del av eit kollegium på 10, og vil mellom anna sakshandsame opptak til både kurs og studium, medverke til gjennomføring av eksamen og utarbeide analysemateriale. I stillinga vil du samarbeide tett med andre rådgjevarar, leiarar og eksterne aktørar.

Offentleg søkjarliste

Me utarbeider offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25.

Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava som er skildra i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. I tillegg ber me om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. Bakgrunnssjekk vert vurdert. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.


For spørsmål om stillinga, kontakt gjerne 

Søknadsfrist: 13. februar

Send søknad hos DSB


Powered by Labrador CMS