Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar 2024 opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Me bygger nå opp eit solid fagmiljø ved skulen og er på utkikk etter kollegar med ulik kompetanse. Som tilsett hjå oss er det mange høve til kompetanseheving og fagleg utvikling i åra som kjem.
Brann- og redningsskulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Skulen tek kvart år imot 160 heiltidsstudentar og over 1 000 kursdeltakarar. Saman skal me bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.
Har du lidenskap for god administrativ styring, hjarta for offentleg forvaltning og veit at dei beste resultata kjem gjennom godt samarbeid. Då bør du lesa vidare.
Brann- og redningsskulen søker no etter ny leiar som skal ha ansvar for vår kurs- og studieadministrasjon. Eininga kurs- og studieadministrasjon er navet ved skulen, både opptak, administrasjon og dokumentasjon til våre kurs og studie ligg her.
Foto: Brann- og redningsskulen
Ansvar og arbeidsoppgåver
leie og utvikle Eining kurs- og studieadministrasjon
ansvar for at opptak, administrasjon og dokumentasjon til kurs og studie er i tråd med gjeldande lovverk
ansvar for å utvikle og kvalitetssikre kurs- og studieadministrative prosessar og prosedyrar
ansvar for rettleiing til studentar og kursdeltakarar i regleverk og prosedyrar
personal-, budsjett og resultatansvar
samarbeide tett med kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
bachelorgrad innan relevante fag (t.d. organisasjon, administrasjon, leiing, jus). Høgare utdanning i kombinasjon med særleg relevant erfaring kan erstatte kravet om bachelorgrad. Utdanning frå utlandet må vera godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
erfaring med å leie personell, prosjekt eller fag
erfaring med arbeid etter lov- og avtaleverk
god forståing for krav som vert stilt ved arbeid i statleg forvaltning
svært god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Me ønsker at du har:
utdanning innan leiing
erfaring med sakshandsaming etter lov og forskrift
erfaring frå kurs-eller studieadministrasjon
erfaring frå kvalitetsarbeid og med kontinuerleg forbetring
Forventingar til deg som leiar:
Medarbeidarane er DSB sin viktigaste ressurs. I leiarstillinga får du ansvar for eit stort spenn av oppgåver, og for å levere tenester innan ulike saksfelt. Du må difor være utprega samarbeidsorientert, følge opp medarbeidarane dine, gje dei tilbakemelding, og stimulere til utvikling aleine og saman med kollegaer.
Som leiar i DSB, skal du bidra til at me er ein moderne og profesjonell organisasjon, som leverer på samfunnsoppdraget vårt. Du må vera målbevisst og flink til å kommunisere både internt og eksternt.
årsløn frå kr 785 000 – 920 000 som avdelingsleiar (stillingskode 1407)
medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du svært gode vilkår kring pensjon, forsikring og bustadlån. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
høve til å delta på relevante kompetansehevingstiltak både internt og eksternt
BRSK er omfatta av særavtale om fleksibel arbeidstid
høve til å trene i arbeidstida og tilgang på styrkerom og gymsal
Om stillinga, eininga og seksjonen
Stillinga er plassert i Seksjon administrasjon og verksemdstyring i Eining for kurs og studieadministrasjon. Du vert leiar for 9 dyktige rådgjevarar. Eininga er ein viktig del av stab- og støttefunksjonen ved skulen. Stillinga krev at du samhandlar tett med leiarar og kollegaer i heile organisasjonen og våre eksterne samarbeidspartnarar. Du vert ein del av leiargruppa i seksjonen og i rektor si utvida leiargruppe.
Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring leverer stabs-, støtte- og servicetenester til skuleleiinga, dei tilsette, kursdeltakakarar og studentar. Seksjonen har ansvar for verksemdsstyring, økonomi, kurs- og studieadministrasjon, servicetorg, IKT, HR, kommunikasjon, skuleårsplanlegging, innhaldsforvaltning, kvalitet og HMS. Me har eit breitt samansett fagmiljø med høg yrkesstoltheit og godt lagspel.
Foto: Brann- og redningsskulen
Offentleg søkjarliste
Me utarbeider offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava som er skildra i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. I tillegg ber me om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. Bakgrunnssjekk vert gjennomført. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
For spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med
seksjonssjef administrasjon og virksomhetsstyring Veronika Solvang på e-post / 41466672