STILLING LEDIG:

Brenner du for å dele kunnskap og erfaring?

Bli ein viktig del av læringsmiljøet på Fjelldal!

Brann– og redningsskulen på Fjelldal søkjer faglærar

Om stillingen

Arbeidsgiver: Brann- og redningsskulen

Stillingstittel: faglærar

Stillingstype: fast / heltid

Arbeidssted: Fjelldal

Søknadsfrist: 18. august

Send søknad her

Om arbeidsgiver

Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar 2024 opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Me bygger nå opp eit solid fagmiljø ved skulen og er på utkikk etter kollegar med ulik kompetanse. Som tilsett hjå oss er det mange høve til kompetanseheving og fagleg utvikling i åra som kjem.

Brann- og redningsskulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Skulen tek kvart år imot 160 heiltidsstudentar og over 1 000 kursdeltakarar. Saman skal me bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.

Brann- og redningsskulen søker ein utviklingsorientert faglærar som skal gje studentane ved skulen svært god opplæring i det systematiske tryggleiksarbeidet. Som lærar hjå oss, får du vera med og utvikle innhaldet i vår toårige fagskuleutdanning i brann, redning og samfunnstryggleik. Me ønskjer eit kollegium med breitt samansett kompetanse, som ingeniørar, brannforebyggarar, pedagogar og kunnskap innan risiko og samfunnstryggleik.

Du skal undervise både praktisk og teoretisk, og bidra til at vi utdannar det beste brann- og redningspersonellet. Du vil være knytt til Eining forebyggande i Seksjon fagskule, men vil også undervise i andre fagemne avhengig av kompetansen din.

Arbeids- og ansvarsoppgåver:

  • planlegge, gjennomføre og evaluere opplæring og eksamen i tråd med gjeldande studieplan og planverk
  • legge til rette for eit godt læringsmiljø for studentane
  • samarbeide med einingsleiar og faglærarar for at studentane oppnår læringsutbyttet i studieplanen
  • utvikle undervisningsmateriell, øvingar og rettleiarar
  • ta del i utvikling av faget, tverrfagleg undervisning og kurs- og studietilbodet
  • ta ansvar for å vera fagleg oppdatert
  • ivareta administrative oppgåver og dokumentasjon
  • rettleie studentar i fordjupingsoppgåver
  • undervisning innan ulike emne

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant bachelorgrad for eksempel branningeniør, yrkesfaglærar, bygningsingeniør, beredskap, samfunnstryggleik, eller yrkesutdanning brannkonstabel. Annan relevant høgare utdanning, yrkesutdanning (relevant fagbrev eller fagskule) og arbeidserfaring innan brann, førebyggande arbeid og/eller tryggleik kan erstatte kravet til bachelorgrad eller yrkesutdanning brannkonstabel. Utanlandsk utdanning må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • utdanning innan pedagogikk (PPU) eller være villig til å gjennomføre pålagt kompetanseutvikling innan pedagogikk
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk
  • gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar:

  • relasjonsbyggar
  • gode pedagogiske evner
  • strukturert
  • lagspiear
  • god gjennomføringsevne

Me ønskjer at du har:

erfaring som pedagog / instruktør / rettleiar

annan relevant utdanning (mastergrad, fagbrev, fagskule eller høgare utdanning)

erfaring frå førebyggande arbeid, blant annet med tilsyn

Hjå oss får du

  • plassering i stillingskode for undervisningsstillingar etter fagleg og pedagogisk kompetanse, og lønsplassering innan lønskode vert vurdert ut frå erfaring og kompetanse. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan me vurdere ytterlegare løn.
  • - årsløn frå kr 580 000-690 000 som lærar (stillingskode 961)

    - årsløn frå kr 620 000-725 000 som adjunkt (stillingskode 962)

    - årsløn frå kr 660 000-780 000 som adjunkt med tilleggsutdanning (stillingskode 963)

    - årsløn frå kr 700 000-840 000 som lektor (stillingskode 965)

    - årsløn frå kr 725 000-875 000 for lektor med tilleggsutdanning (stillingskode 966)

    - for faglærarar vert stillingskode og løn vurdert etter kompetanse og erfaring med årsløn 525 000-645000 for undervisningspersonell utan godkjent utdanning (stillingskode 1423), eller årsløn 567 000-850 000 for undervisningspersonell utan godkjent pedagogisk utdanning (stillingskode 1424)

  • vera med på eit viktig samfunnsoppdrag
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du svært gode vilkår kring pensjon, forsikring og bustadlån. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
  • fleksibel arbeidstid
  • høve til å trene i arbeidstida og tilgang på styrkerom og gymsal
  • betalt lunsjpause
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

Om eininga og fagskulen

Du vil høyre til i Eining forebyggande i Seksjon fagskule, men du vil også undervise i andre fagemne avhengig av kompetansen din. Eining forebyggande arbeider med risiko og sårbarheit, forebyggande og konsekvensreduserande arbeid. Du vert ein av sju kollegaer med svært ulik fagleg kompetanse. Eininga skal utdanne studentar med brei innføring i det viktige forebyggandearbeidet innan brann og redning. Fagskulen skal utdanne studentar som ser det forebyggande arbeidet som eit like viktig verktøy som det operative arbeidet. Utdanninga er tett kopla til praksisfeltet både i innhald og struktur. Studentane har praksisperiode ute i brann- og redningsvesena. Dei observerer og utfører oppgåver innan førebygging, beredskap og naudmeldetenesten.

Studentane møter eit utdanningsløp som er relevant og imøtekjem behova innanfor det å jobbe med brann, redning og samfunnstryggleik.

Offentleg søkjarliste

Me utarbeider offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25.

Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava som er skildra i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. I tillegg ber me om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. Bakgrunnssjekk vert gjennomført. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.


Søknadsfrist: 18. august

Send søknad her


Powered by Labrador CMS