STILLING LEDIG:

DSB søker to administrative kurskonsulentar til Noregs brannskole

Har du erfaring med administrasjon og lyst til å bidra med eit samfunnsnyttig arbeid i den nasjonale beredskapen?

Om stillingen

Arbeidsgiver: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)

Stillingstittel: Kurskonsulent

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Fjelldal

Søknadsfrist: 4. oktober

Send søknad HER

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet.

Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering.

Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no

For spørsmål om jobbene, kontakt

Berit Stemshaug, fungerende enhetsleder undervisning

91 63 47 15

[email protected]

Turid Teige, kontorleiar

99 04 39 58

[email protected]

Hugo Magne Kjelseth, rådgiver Kjelseth Consulting AS

91 53 34 50

[email protected]

Arbeidet med å etablere den nye Brann- og redningsskolen er godt i gang, og mykje spanande skjer framover. Velkomen på laget allereie no!

Kursverksemda skal drivast profesjonelt gjennom heile byggetida, og blir del av den nye skolen. De må vere profesjonelle og effektive, og like å kommunisere med kundane våre, som er brann- og redningspersonell frå heile landet.

Konsulentane får ansvar for opptak til kurs og skal sikre at dei gjennomførast i tråd med avtalar og forventingar. Kvalitet i alle ledd er viktig, og du må kjenne deg igjen i det. Nyutdanna må gjerne søke hos oss.

Du skal:

  • ha ansvar for administrasjon og saksbehandle kursportefølje (søknader, opptak, dispensasjonssøknader, realkompetansevurdering m.m.)
  • vere kontaktpunkt for leiarar og tilsette ved landets brann- og redningsvesen og bransjen elles bidra til å følgje opp og vidareutvikle rutinar i kvalitetssystemet (kursplanlegging, gjennomføring og evaluering)
  • ha administrativt ansvar for skolen sitt kursevalueringssystem
  • ha ansvar for å utarbeide statistikkar og nøkkeltal for leiinga til skolen
  • delta i, eller leie arbeidet med ulike forvaltings-, utviklings- og administrative oppgåver
  • bidra til tverrfagleg samarbeid i DSB

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant bachelor innan for eksempel organisasjon, leiing, administrasjon, økonomi, jus eller IKT
  • svært god digital kompetanse
  • svært god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på engelsk

Vi ønskjer at du har:

  • erfaring frå administrasjon, saksbehandling, prosjektarbeid, kundebehandling/serviceyrke
  • erfaring med leiingssystem for kvalitet
  • erfaring med elektroniske arkiv- /saksbehandlingssystem
  • erfaring frå offentleg forvalting
  • interesse for utdanning

Personlege eigenskapar:

  • utprega samarbeidsorientert lagspelar
  • løysingsorientert og med gjennomføringsevne
  • strukturert og ansvarsbevisst
  • serviceinnstilt og sjølvstendig

Vår nye medarbeider får:

  • varierte og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • moglegheit for å bidra med eit samfunnsnyttig arbeid i den nasjonale beredskapen
  • spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaar
  • moglegheiter for å vidareutvikle og påverke eige ansvarsområde
  • moglegheit for deltaking på relevante interne og eksterne kompetansehevingstiltak
  • fleksitidsordning, tilpassa undervisinga ved NBSK
  • gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • årsløn frå kr 475 800 til 524 900 (lønstrinn 52-58), stillingskode 1434 (rådgivar). Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse

Om Norges brannskole, stillinga og eininga

Noregs brannskole (NBSK) er nasjonal utdanningsinstitusjon for kommunalt brann- og redningspersonell og er lokalisert på Fjelldal, 45 kilometer frå Harstad i Troms og Finnmark fylke.

Skolen har også ansvar for utdanning av beredskapspersonell ved flyplassane i landet, personell knytte til akutt forureining og feiarfag. NBSK er underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Skolen har moderne kontorlokale, stort øvingsfelt, treningsfasilitetar og kantine. NBSK har i dag 43 tilsette, i tillegg til eit stort antal innleigde instruktørar/førelesarar frå ulike bransjar. Norges brannskole er ISO 9001:2015-sertifisert.

Den nye Brann- og redningsskolen skal etablerast der NBSK ligg i dag. Skolen vil omfatte ein fagskole og eit kurssenter, og ta imot 160 studentar og rundt 2500 kursdeltakarar i året. Les meir på www.dsb.no/styrker-brannutdanningen.

Den som blir tilsett må delta på NBSK sine interne kurs, for å sikre nødvendig kompetanse.

Som kurskonsulent inngår du i eit team med fem kollegaar som har ansvar for skolen sin kursadministrasjon.

Du blir eit viktig bindeledd mellom skolen og kommunane sine brann- og redningsvesen. Oppgåvene dine vil vere å utarbeide kursoversikt, behandle søknader og realkompetansevurderingar, sende ut kursinformasjon, innkallingar og kursbevis, saksbehandling, kundekontakt med vidare.

For å løyse desse oppgåvene må du til ei kvar tid ha ei positiv og serviceinnstilt haldning og samarbeide tett med elevar, innleigde instruktørar og dei tilsette ved skolen.

Det er forventa at du tar hand om eige ansvarsområde gjennom god kvalitet og struktur i arbeidet ditt.

Stillinga inngår i Eining for undervising med ansvar for planlegging, gjennomføring og undervising av alle kurs som gjennomførast i regi av Norges brannskole, både på Fjelldal og andre stadar i landet.

Eininga har breitt samansett fagmiljø med høg yrkesstoltheit og teamkjensle. Eininga har 23 medarbeidarar som er organiserte i 3 team. Tett samarbeid internt i DSB og innanfor brann- og redningsområdet nasjonalt er viktig for å kunne levere kvalitetsmessig god undervising.

For meir informasjon om DSB og NBSK, sjå www.dsb.no og www.nbsk.no.

Om å jobbe i DSB

Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og vi er del av inkluderingsdugnaden. Vi håpar derfor at også kvalifiserte personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss.


Søknadsfrist: 4. oktober

Send søknad i vårt skjema HER


Powered by Labrador CMS