STILLING LEDIG:

DSB søker reinhaldar til Noregs brannskole

Arbeidet med å etablere den nye Brann- og redningsskolen er godt i gang, og mykje spanande skjer framover. Velkomen på laget allereie no!

Om stillingen

Arbeidsgiver: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)

Stillingstittel: Reinhaldar

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Fjelldal

Søknadsfrist: 4. oktober

Send søknad HER

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet.

Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering.

Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no

For spørsmål om jobbene, kontakt

Tor Inge Heggen, einingsleiar drift og vedlikehald

90 28 35 98

[email protected]

Berit Stemshaug, fungerende enhetsleder undervisning

91 63 47 15

[email protected]

Hugo Magne Kjelseth, rådgiver Kjelseth Consulting AS

91 53 34 50

[email protected]

Vi ser etter deg som trivst med og er stolt av faget ditt.

Du veit at jobben du gjer som reinhaldar er svært viktig for arbeidsmiljøet og trivselen til alle elevar, besøkande og kollegaane dine.

Du tar ansvar for å levere godt reinhald, er serviceinnstilt og strukturert.

Du skal utføre:

  • dagleg reinhald med moderne reinhaldsmetodar av internat, garderobebygg, brannstasjon, forpleiings, undervisings-, trenings- og kontorfasilitetar
  • vask av vindauge, hovudreingjering og golvbehandling
  • anna førefallande arbeid

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fagbrev som reinhaldar
  • god munnleg kommunikasjonsevne på norsk
  • erfaring med bruk av digitale arbeidsverktøy
  • erfaring frå reinhald av kantine, internat og/eller skoledrift eller anna kunderetta verksemd
  • førarkort klasse B

Vi ønskjer at du har:

  • erfaring med reinhaldsplanlegging/-verktøy
  • annan relevant fagkompetanse

Personlege eigenskapar:

  • utprega samarbeidsorientert lagspelar
  • sjølvstendig og med gjennomføringsevne
  • løysingsorientert og serviceinnstilt
  • strukturert og ansvarsbevisst

Vår nye medarbeidar får:

  • varierte og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • moglegheit til å bidra med samfunnsnyttig arbeid i den nasjonale beredskapen
  • spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaar
  • moglegheiter for å vidareutvikle og påverke eige ansvarsområde
  • moglegheit for deltaking på relevante interne og eksterne kompetansehevingstiltak
  • fleksitidsordning, tilpassa undervisinga ved NBSK
  • gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • årsløn frå kr 425 600 til 439 900 (lønstrinn 45-47), stillingskode 1130 (reinhaldar). Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse

Om Norges brannskole, stillinga og eininga

Noregs brannskole (NBSK) er nasjonal utdanningsinstitusjon for kommunalt brann- og redningspersonell og er lokalisert på Fjelldal, 45 kilometer frå Harstad i Troms og Finnmark fylke.

Skolen har også ansvar for utdanning av beredskapspersonell ved flyplassane i landet, personell knytte til akutt forureining og feiarfag. NBSK er underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Skolen har moderne kontorlokale, stort øvingsfelt, treningsfasilitetar og kantine. NBSK har i dag 43 tilsette, i tillegg til eit stort antal innleigde instruktørar/førelesarar frå ulike bransjar. Norges brannskole er ISO 9001:2015-sertifisert.

Den nye Brann- og redningsskolen skal etablerast der NBSK ligg i dag. Skolen vil omfatte ein fagskole og eit kurssenter, og ta imot 160 studentar og rundt 2500 kursdeltakarar i året. Les meir på www.dsb.no/styrker-brannutdanningen.

Som reinhaldar er du ein del av eit team med fem kollegaar med ansvar for reinhald av kurshotell, forpleiings-, undervisings-, trenings- og kontorfasilitetane ved skolen.

For å løyse oppgåvene må du ha ei positiv og serviceinnstilt haldning og samarbeide tett med elevar og undervisingspersonell. Det blir forventa at du tek hand om eige ansvarsområde gjennom god kvalitet og struktur i arbeidet ditt.

Den som blir tilsett må delta på NBSK sine interne kurs, for å sikre nødvendig kompetanse.

Stillinga inngår i Eining for drift og vedlikehald som skal legge til rette for best mogleg undervising med ansvar for drift og reinhald av Norges brannskole. Eininga har eit breitt samansett fagmiljø med høg yrkesstoltheit og teamkjensle. Eininga har 17 tilsette fordelte på 2 team. Eininga er i ein utviklingsfase og er mellom anna i prosess for etablering av nye drifts- og vedlikehaldsrutinar i samband med opprettinga av ny fagskole for brann og redning.

For meir informasjon om DSB og NBSK, sjå www.dsb.no og www.nbsk.no.

Om å jobbe i DSB

Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og vi er del av inkluderingsdugnaden. Vi håpar derfor at også kvalifiserte personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss.


Søknadsfrist: 4. oktober

Send søknad i vårt skjema HER


Powered by Labrador CMS