STILLING LEDIG:

Vil du bli leiar i Tolletaten? Grensedivisjonen søkjer leiar til seksjon Bjørnfjell

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar og gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat.

Om stillingen

Arbeidsgiver: Grensedivisjonen

Stillingstittel: Seksjonssjef

Stillingstype: Fast, heltid

Arbeidssted: Narvik/Bjørnfjell

Søknadsfrist: 05.10.2021

Send søknad her

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og ved hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2021 en samlet budsjettramme på 1,761 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Grensedivisjonen, område Midt, søkjer leiar til seksjon Bjørnfjell

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Etaten har nyleg avslutta ein omfattande omorganiseringsprosess og har etablert grensedivisjonen med hovudkontor i Moss. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Vi søkjer no etter seksjonssjef til seksjon Bjørnfjell. Seksjonen er ein del av område Midt, som har ansvar for fysisk kontroll og ekspedisjon av varer til og frå fylka Trøndelag og Nordland. Område Midt består av fem seksjonar med tenestestader i Røros (Vauldalen), Trondheim/Værnes, Mo i Rana, Junkerdal, Bodø og Bjørnfjell. Seksjon Bjørnfjell har primært ansvar for kontroll ved grensekryssande tog- og landevegstrafikk i tillegg til kontroll av fly- og fartøystrafikk og bemannar Bjørnfjell tollstad.

Som leiar for seksjonen har du eit heilskapleg ansvar for å leie eininga administrativt og fagleg. Seksjonen har om lag 20 medarbeidarar som du vil ha personalansvaret for. Du rapporterer direkte til områdesjefen for område Midt og inngår i leiargruppa i området.

Sentrale arbeidsområde:

  • personal- og resultatansvar
  • plan-, rapporterings- og budsjettansvar

Undervisnings- og foredragsoppgåver og noko reising ligg òg til stillinga.

Kvalifikasjonar:

  • fullført relevant bachelorgrad (bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten og svært god realkompetanse kan erstatte kravet om fullført bachelorgrad)
  • erfaring med personalleiing
  • kjennskap til oppgåvene til tolletaten
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Erfaring frå offentleg sektor er ein fordel.

Eigenskapane dine:

  • strukturert og analytisk
  • god organisasjons- og heilskapsforståing
  • god rolleforståing og svært gode samarbeidsevner
  • sjølvstendig og initiativrik med stor arbeidskapasitet
  • nysgjerrig og med godt humør

Leiarplakaten til tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet, at du har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø, at du er fleksibel, og at du er mål-, resultat- og utviklingsorientert.

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som seksjonssjef, kr 650 000-750 000 (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og høve til å trene i arbeidstida
  • arbeidsstad i Narvik/Bjørnfjell

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.

Grensedivisjonen sin posisjon på grensa sørgjer for at varene som passerer grensa til Noreg, flyt effektivt, og at dei blir kontrollerte i nødvendig grad. Tollarane våre har mykje kontakt med publikum og næringsliv og har omfattande kompetanse på etterretning, regelverk om grensekryssande varer og tiltak mot smugling. Grensedivisjonen består av seks geografiske område med ansvar for fysisk kontroll og ekspedisjon ved tollstadene, ei avdeling med ansvar for fellesfunksjonar, ein fagstab og ein styringsstab.

Inkludering og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hòl i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.


Høyres dette interessant ut for deg?

Send din søknad og CV her.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte områdeleiar Hilde Pettersen Ruud på telefon 907 23 009.

Søknadsfrist 05.10.2021

HUSK send søknad info her


Powered by Labrador CMS