STILLING LEDIG:

DSB søker allsidig driftsteknikar til Noregs brannskole

Arbeidet med å etablere den nye Brann- og redningsskolen er godt i gang, og mykje spanande skjer framover. Velkomen på laget allereie no!

Om stillingen

Arbeidsgiver: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)

Stillingstittel: Driftsteknikar

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Fjelldal

Søknadsfrist: 4. oktober

Send søknad HER

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet.

Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering.

Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no

For spørsmål om jobbene, kontakt

Tor Inge Heggen, einingsleiar drift og vedlikehald

90 28 35 98

[email protected]

Berit Stemshaug, fungerende enhetsleder undervisning

91 63 47 15

[email protected]

Hugo Magne Kjelseth, rådgiver Kjelseth Consulting AS

91 53 34 50

[email protected]

Du får ansvaret for alt frå vintervedlikehald på øvingsfeltet der brann- og redningspersonell trenar, til kvalitetskontroll av både materiell og system.

Sans for kvalitet og evne til samarbeid med mange ulike kollegaar og elevar, er viktige eigenskapar i denne jobben.

Du skal:

  • ha ansvar for å legge øvingsobjekta til rette for pedagogisk og praktisk undervising
  • ha ansvar for drift, ettersyn og vedlikehald av skolen sitt materiell og utstyr
  • klårgjere sløkkemiddel og øvingsfelt til undervising
  • ha vakt og tilsynsteneste
  • utføre vintervedlikehald av øvingsfeltet
  • vere kjent med og følge opp leiingssystem for kvalitet

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fagbrev eller teknisk fagskole, fortrinnsvis innan industrimekanikarfaget eller tilsvarande
  • relevant erfaring frå drift og vedlikehald av maskiner, pumper og/eller hydraulisk utstyr
  • erfaring med å bruke IKT som arbeidsverktøy
  • førarkort minimum klasse BE og C, truckførarbevis opp til 10 tonn
  • god norsk skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • god munnleg engelsk kommunikasjonsevne

Vi ønskjer at du har:

  • tverrfagleg kompetanse innanfor yrkesfag
  • interesse for instruksjon og rettleiing
  • førarkort for hjullastar

Personlege eigenskapar:

  • utprega samarbeidsorientert lagspelar
  • sjølvstendig og med gjennomføringsevne
  • løysingsorientert og serviceinnstilt
  • strukturert og ansvarsbevisst

Vår nye medarbeidar får:

  • varierte og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • moglegheit til å bidra med eit samfunnsnyttig arbeid i den nasjonale beredskapen
  • spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaar
  • moglegheiter for å vidareutvikle og påverke eige ansvarsområde
  • moglegheit for deltaking på relevante interne og eksterne kompetansehevingstiltak
  • fleksitidsordning, tilpassa undervisinga ved NBSK
  • gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • årsløn frå kr 454 200 til 483 700 (lønstrinn 49-53), stillingskode 1136 (driftsteknikar). Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse

Om Norges brannskole, stillinga og eininga

Noregs brannskole (NBSK) er nasjonal utdanningsinstitusjon for kommunalt brann- og redningspersonell og er lokalisert på Fjelldal, 45 kilometer frå Harstad i Troms og Finnmark fylke.

Skolen har også ansvar for utdanning av beredskapspersonell ved flyplassane i landet, personell knytte til akutt forureining og feiarfag. NBSK er underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Skolen har moderne kontorlokale, stort øvingsfelt, treningsfasilitetar og kantine. NBSK har i dag 43 tilsette, i tillegg til eit stort antal innleigde instruktørar/førelesarar frå ulike bransjar. Norges brannskole er ISO 9001:2015-sertifisert.

Den nye Brann- og redningsskolen skal etablerast der NBSK ligg i dag. Skolen vil omfatte ein fagskole og eit kurssenter, og ta imot 160 studentar og rundt 2500 kursdeltakarar i året. Les meir på www.dsb.no/styrker-brannutdanningen.

Som driftsteknikar er du ein del av eit team med åtte kollegaar som har ansvaret for at skolen sitt øvingsanlegg, køyretøy, maskiner og utstyr er operative til ei kvar tid.

For å løyse dette oppdraget må driftsteknikarane til ei kvar tid ha ei positiv og serviceinnstilt haldning og samarbeide tett med elevar og undervisingspersonell. Vidare er det viktig med god kvalitet og struktur i arbeidet.

Den som blir tilsett må delta på NBSK sine interne kurs for å sikre nødvendig kompetanse.

Stillinga er ein del av Eining for drift og vedlikehald som gjennom drift, vedlikehald og reinhald bidrar til god tilrettelegging for undervisinga ved Norges brannskole. Eininga har eit breitt samansett fagmiljø med høg yrkesstoltheit og teamkjensle.

Eininga er i ei utviklingsfase og er mellom anna i prosess for etablering av nye drifts- og vedlikehaldsrutinar i samband med opprettinga av ny fagskole for brann og redning. Eininga har 17 tilsette fordelte på 2 team. For meir informasjon om DSB og NBSK, sjå www.dsb.no og www.nbsk.no.

Om å jobbe i DSB

Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og vi er del av inkluderingsdugnaden. Vi håpar derfor at også kvalifiserte personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss.


Søknadsfrist: 4. oktober

Send søknad i vårt skjema HER


Powered by Labrador CMS