STILLING LEDIG:

Sivilsrettsforvaltninga søkjer ein administrativ medarbeidar som vil vere viktig for vårt sekretariat i Vardø

Er du strukturert og nøyaktig? Bli ein nøkkelperson på vår nye lokasjon i Vardø!

Om stillingen

Arbeidsgivar: Sivilrettsforvaltninga

Stillingstittel: Førstekonsulent / rådgivar

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Vardø

Søknadsfrist: 12. januar

Send søknad her

Om arbeidsgivar

Sivilrettsforvaltninga sitt samfunnsoppdrag er å forvalte statlege ordningar på tvers av sivil- og strafferetten som sikrar individets rettar, rettslikskap og bidreg til god rettspleie. 

Sivilrettsforvaltninga er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og har ei brei og variert oppgåveportefølje. Vi har for tida om lag 90 medarbeidarar og held til i sentrale lokale i Oslo, Vardø og på Hamar. Sjå www.sivilrett.no for nærare informasjon.

Sivilrettsforvaltninga (SRF) er ei verksemd i vekst og utvikling, og vi ser no etter ein engasjert og strukturert førstekonsulent / rådgivar som kan bidra til å styrke vår nye lokasjon i Vardø.

Stillinga er knytt til vår Avdeling for utvikling og verksemdstyring. Oppgåvene vil i stor grad vere tilknytt sekretariatet for Tilsynsrådet for Kriminalomsorga, og inneber varierte administrative oppgåver. 

I hovudsak vil arbeidsoppgåvene omfatte administrative oppgåver som handtering av reiserekningar og fakturabehandling. I tillegg vil den vi tilset bidra med noko enklare saksbehandling.

Vi søkjer deg som trivst med sjølvstendige administrative oppgåver og som er fleksibel til å hjelpe der det er behov.

Arbeidsstad er lokala våre i Vardø.

Er du under utdanning og ferdig med studia våren 2025? Då ønsker vi òg gjerne din søknad.

Kva går jobben ut på?

  • handtering av reiserekningar, godtgjersler og faktura
  • ulike administrative oppgaver etter kompetanse og behov, inkludert enklare saksbehandling
  • oppfølging av diverse driftsavtalar

Andre oppgåver kan òg vere aktuelle, og dei konkrete arbeidsoppgåvene kan variere ut frå behova i SRF.

Kven er du?

  • vi søkjer fortrinnsvis kandidater med relevant høgare utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring eller fagbrev kan kompensere for utdanningskravet.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • god IKT-forståing

Det er ønskeleg med

  • kjennskap til eller erfaring med løns- og fakturasystem som SAP DFØ og Unit4, men du får også god opplæring
  • erfaring med sak-/arkivsystem frå offentleg sektor.
  • relevant erfaring frå offentleg forvaltning

Vi ser etter ein kollega som

  • er løysingsorientert, effektiv og nøyaktig
  • kan jobbe sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • har gode samarbeidsevner

Det vil bli lagt vekt på at søkar er personleg eigna.

Vardø, lengst nordøst i Finnmark.

Vi tilbyr deg

  • ei fagleg utfordrande stilling med meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • fleksitid og trening i arbeidstida
  • moglegheit for å jobbe frå mobilkontor
  • god forsikrings- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • eit hyggeleg og dynamisk arbeidsmiljø

    Stillingane blir løna etter statens lønsregulativ, avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar:

  • førstekonsulent (1408): kr 548 600 – 604 900 (lønstrinn 56 – 62)
  • rådgivar (1434): kr. 604 900 – 657 300 (lønstrinn 62 – 67)

For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Det blir trekt 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.

Vardø vert omfatta av ordninga med nedskriving av studielån og skattefordelar for Nord-Troms og Finnmark. Til dømes kan ein få:

  • Nedskriving av gjeld i Lånekassen med inntil 60 000 kroner årleg.
  • Lågare skatt på alminneleg inntekt
  • Lågare toppskatt
  • Fritak for forbruksavgift på straum

Andre opplysningar

Vi ønskjer oss mangfald blant våre tilsette og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.

I løpet av prosessen kan vi be om vedlegg som vitnemål / karakterutskrift og attestar. Har du dei ikkje klare ved søknad, ver gjerne førebudd på å leggje dei ved seinare.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Eventuelle ønskje om reservasjon må grunngjevast. Vi varslar deg dersom vi ikkje tar ditt ønskje til følgje.

Ved tilsetjing gjeld 6 månader prøvetid.


Har du spørsmål?

  • Ta kontakt med avdelingsdirektør Janne Karlsen, tlf. 22991389 
  • eller HR-konsulent Magnus Bechmann Hansen, tlf. 22991371

Du kan også ta kontakt med seniorrådgiver Elisabeth Aspevoll i rekrutteringsbyrået Heia Nord-Norge, på 91685086 / e-post / Linkedin

Søknadsfrist: 12. januar

Send enkel søknad i vårt skjema:

 
Powered by Labrador CMS